Eigarorganisasjonen er tett på barnehagane sine, men gjennom svært ulike organisatoriske mekanismar. Fleire kommunar har ikkje administrative einingar for barnehage, men har barnehage som ei av mange oppgåver for oppvekst- eller utdanningsadministrasjonen. Her får barnehagane administrativ støtte, på linje med all kommunal verksemd, med stor fagleg fridom.
Mange private eigarar er små, med berre ein eller to barnehagar, og er derfor lite utbygd organisatorisk. Men eigaren sjølv eller nokon som varetar eigaransvaret kan vera tett på likevel fordi det er få barnehagar og fordi dei berre driv med barnehage. Slike små eigarar har ofte meir ein praktisk støttefunksjon til barnehagen enn ei styrande rolle i faglege spørsmål.
Fleire barnehagar høyrer til under eigarar med svært godt utbygde eigarorganisasjonar, som også tar stort ansvar for faglege spørsmål. Slike store eigarorganisasjonar kan både private og kommunale eigarar ha. Dei har ofte ein fagleg styringskapasitet som andre eigarar ikkje har. Også her er det svært ulike organisatoriske former.
Ei form er eigarorganisasjonar som tar eit overordna strategisk ansvar for profil og fagleg utvikling, men der det er stort handlingsrom for den einskilde barnehage.
Ei anna form er eigarorganisasjonen som standardiserer det eigaren ser som god pedagogisk praksis i rutinar og standardar som alle må fylgja, med mykje mindre handlingsrom for den einskilde barnehage.
Ei tredje form er eigarorganisasjonen som fagleg fellesskap. Her utgjer dei eigarorganisasjonstilsette og styrarane eit profesjonsfellesskap av likestilte faglege leiarar, som saman definerer kva som skal vera felles og kva som kan variera, og korleis det felles skal fylgjast opp.
Barnehagestyrarrolla og profesjonsutøvarrolla vert svært ulike i desse ulike måtane barnehagen er organisert inn i eigarorganisasjonen på, både når det gjeld handlingsrom, fagleg fridom, påverknad og kor utoverretta rollene vert.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.