Omsetningslova er ei norsk lov som har til formål gjennom samvirke å fremje omsetninga av visse jordbruksvarer. Bakgrunnen var overproduksjon av norske jordbruksvarer som kjøtt, mjølkeproduk og grove grønsaker. Omsetningslova av 1930 vart revidert og fekk si endelege form med omsetningslova av 1936. Seinare er det gjort mindre endringar fleire gonger, sist i 2019.

Faktaboks

Fullt namn
Lov til å fremja umsetnaden av jordbruksvaror
Kortnamn
Lov til å fremja umsetnaden av jordbruksvaror
Tredd i kraft
10.07.1936
Lovdata-ID
NL/lov/1936-07-10-6

I 2023 omfattar lova kjøtt av storfe, sau og lam, svin, fjørfe og reinsdyr, korn og oljefrø, mjølk, smør, ost, egg, poteter, grønsaker, frukt og bær. Lova heimlar høve til å legge ei avgift på omsetninga av disse varene for å balansere marknaden og fremje omsetninga.

Innhaldet i lova

Av lova følgjer det at det skal betalast avgift av alt sal frå produsent, uavhengig av omsetningskanal. Innkomne avgifter blir ført på særskilt konto for kvart produkt og kan berre brukast til tiltak for vedkomande produktgruppe. Tiltaka kan vera eksport, billegsal, frysing og lagerhald eller industriell bearbeiding. Kostnadane med dette blir dekt over Omsetningsrådets fond etter søknad. Omsetningsrådet er eit offentleg organ med frittståande stilling.

Pris- og marknadsregulerande tiltak blir også fastsett i jordbruksavtalen og reindriftsavtalen, og ein del midlar blir tilført som vedtak om statleg løyving. Slike vedtak supplerer tiltak etter lova, men gjeld berre for vedkomande avtaleperiode. Pengar frå Omsetningsrådets fond blir også nytta til tiltak for å fremje auka sal eller kvalitet, dei faglege opplysningskontora og produksjonstilpassande rettleiing andsynes produsentane. Tiltaka blir fremja gjennom vedkomande samvirkeorganisasjon.

Landbruket har i dag fleirtal i Omsetningsrådet, som heng saman med at jordbruket frå 1982 av har det økonomiske ansvaret for overproduksjon. Ved overproduksjon kan det gjerast tiltak som blir finansiert gjennom omsetningsavgift kravd inn frå bonden av Omsetningsrådet. Omsetningsrådet har 11 medlemmar som representerer staten, bondeorganisasjonane, samvirkebedriftene, resten av næringsmiddelindustrien og arbeidstakarane i den samla matindustrien. Landbruksdirektoratet er sekretariat for Omsetningsrådet.

Marknadsreguleringa vart gjennomgått i stortingsmelding nr. 19 (1999–2000), «Om norsk landbruk og matproduksjon» og i stortingsmelding nr. 9 (2011–2012) om landbruks- og matpolitikken, der det vart slått fast at systemet frå 1936 skal førast vidare. Vidare at landbrukssamvirket har oppgåva som marknadsregulator og i tillegg sikre mottak av norske råvarer frå heile landet.

I stortingsmelding nr. 11 (2016–2017) «Endring og utvikling – en fremtidsrettet landbruksproduksjon» innførte Regjeringa Solberg omgrepet marknadsbalansering, som blir nytta med same tyding som marknadsregulering.

Historikk

Stortinget vedtok den første omsetningslova 6. juni 1930. Bakgrunnen var overproduksjon av kjøtt og mjølk på grunn av meir effektive driftsformer og betre tilgang til bymarknadane takka vere moderne transportmiddel. Dessutan hadde arbeidsløysa under den store depresejonen ført til redusert kjøpekraft i store folkegrupper. Formålet med lova var gjennom samvirke å fremja omsetninga av alle landbruksvarer, men omfatta i første omgang berre mjølk og flesk. Landbrukssentralane, som tilsvarar dagens landbrukssamvirke, fekk forvaltingsrett til å krevja inn omsetningsavgift, for med den å finansiere lagring eller i verste fall eksport med tap for å halde marknaden i balanse. Sentralane fekk òg heimel til å jamne ut prisen mellom mjølk som gjekk til produksjon av ost og smør og den meir lønsame konsummjølka. I 1934 kom sauekjøtt inn under omsetningslova og i 1940 kom storfe- og kalvekjøtt med. Stortingsrepresentant for Bondepartiet, Jon Sundby, og dosent ved Norges landbrukshøgskole, Rasmus Mork, er rekna som arkitektane bak lova.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg