Perfektiv er i grammatikken namnet på ei verbform som presenterer ei handling som ein fullført heilskap, i fortid, notid eller framtid. Perfektiv høyrer til den grammatiske kategorien aspekt og står i motsetnad til imperfektiv.
Norsk har ikkje perfektiv, men språk som har perfektive verbformer, brukar dei ved las i den første setninga nedanfor, men ikkje i den andre, der dei ville bruke ei imperfektiv verbform:
- I går las eg ein roman. Mens eg las han, banka det på døra.
Dersom desse setningane blir omsette til engelsk og fransk, kjem skilnaden fram:
- Yesterday I read a novel. As I was reading it, there was a knock on the door.
- Hier, j’ai lu un roman. Pendant que je le lisais, on a frappé à la porte.
Det står meir om perfektiv og imperfektiv i mellom anna engelsk og fransk nedanfor.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.