etylacetat
Molekylmodell av etylacetat. Grå kuler står for karbonatom. Kvite kuler står for hydrogenatom. Raude kuler står for oksygenatom. Strekane står for kjemiske bindingar.
etylacetat
Lisens: CC BY SA 3.0
etylacetat
Strukturformel for etylacetat
etylacetat
Lisens: CC BY SA 3.0

Etylacetat er ei fargelaus, brennbar væske med ein behageleg, fruktaktig lukt. Den kjemiske formelen er CH3COOC2H5, og kokepunktet er 77 °C.

Faktaboks

Også kjend som

eddiksyreetylester, eddikester

Uttale
etˈylasetˈat

Etylacetat er ein estar som blir framstilt av eddiksyre og etanol under tilsetning av svovelsyre.

Stoffet blir brukt mykje i kjemisk-teknisk industri som ekstraksjons- og løysemiddel, mellom anna i måling og lakk, til flekkfjerning og liknande. På grunn av sin forfriskande lukt blir etylacetat brukt ein del i parfyme og som smaks- og aromastoff i næringsmiddelindustrien.

Lang tids eksponering for etylacetat kan mellom anna føre til nyreskadar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg