All My Loving
«All My Loving» Singel av The Beatles frå albumet With the Beatles | ||
B-side |
«I Wanna Be Your Man» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1964 | |
Innspelt | 30. juli 1963 | |
Sjanger | populærmusikk | |
Selskap | Electrola (006-06 110) | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | John Lennon og Paul McCartney | |
Produsent | George Martin |
«All My Loving» er ein song av The Beatles, skrive av Paul McCartney, men tilskrive Lennon/McCartney, frå albumet deira With the Beatles frå 1963.
Det var ein av få gonger der McCartney skreiv teksten før musikken og vart skrive ned som eit dikt medan han barberte seg.[1] McCartney såg han først som ein country-song og musikken vart skrive bak scenen på eit piano då The Beatles turnerte med Roy Orbison og George Harrison la på Nashville-aktig gitarsolo på innspelinga.[2] «All My Loving» fekk god kritikk og vart mykje spelt på radio.[3] Songen vart spelt som opningsnummer på den kjende debutframføringa deira på amerikansk fjernsyn på The Ed Sullivan Show den 9. februar 1964.
The Beatles spelte inn songen 30. juli 1963 i løpet av 11 forsøk med tre overdubbingar. Versjonen som vart gjeve ut er forsøk 14 lagt oppå forsøk 11. Songen vart gjeve ut på singel i Skandinavia og gjekk heilt til topps i Finland. I Noreg stoppa singelen på andreplass, bak Wenche Myhre og «La meg være ung», og låg inne på Topp 10 i 14 veker.
Andre utgåver
[endre | endre wikiteksten]
All my loving, I will send to you,
Paul McCartney
|
Songen har vorte spelt av mellom anna Helloween, Me First and the Gimme Gimmes, Los Manolos og Herb Alpert & the Tijuana Brass
Ein heavy metal-versjon av songen vart spelt inn av Beatallica som «...And Justice For All My Loving».
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Paul McCartney – bass, solovokal
- John Lennon – rytmegitar, harmonivokal
- George Harrison – sologitar, harmonivokal
- Ringo Starr – trommer.
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1963–64) | Plassering |
---|---|
Canada | 1 |
Australian Kent Music Report[4] | 1 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[5] | 16 |
Nederland (Mega Single Top 100)[6] | 2 |
Noreg (VG-lista)[7] | 2 |
US Billboard Hot 100[8] | 45 |
US Cash Box Top 100[9] | 31 |
Vest-Tyskland - Media Control[10] | 32 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «All My Loving» frå Wikipedia på engelsk, den 3. oktober 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Bill Harry, The Ultimate Beatles Encyclopedia, s. 18
- ↑ Paul McCartney, Many Years From Now, s. 148
- ↑ Ian MacDonald (1998). Revolution in the Head. London: Pimlico. s. 83. ISBN 0-7126-6697-4.
- ↑ Kent, David (2005). Australian Chart Book (1940–1969). Turramurra: Australian Chart Book. ISBN 0-646-44439-5.
- ↑ "Ultratop.be – The Beatles – All My Loving" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 10. mars 2018.
- ↑ "Dutchcharts.nl – The Beatles – All My Loving" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 10. mars 2018.
- ↑ "Norwegiancharts.com – The Beatles – All My Loving". VG-lista. Hung Medien. Henta 10. mars 2018.
- ↑ "Beatles?f=379&g=Singles The Beatles Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Beatles. Prometheus Global Media. Henta 10. mars 2018.
- ↑ Hoffmann, Frank (1983). The Cash Box Singles Charts, 1950-1981. Metuchen, NJ & London: The Scarecrow Press, Inc. s. 32–34.
- ↑ «Offizielle Deutsche Charts» (Enter "Beatles" in the search box) (på tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 10. mars 2018.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Songar frå 1963
- Popballadar
- The Beatles-songar
- Songar skrivne av Lennon–McCartney
- Songar produserte av George Martin
- Parlophone-singlar
- Capitol Records-singlar
- Herb Alpert-songar
- Chet Atkins-songar
- Alvin and the Chipmunks-songar
- The Sandpipers-songar
- Paul McCartney-songar
- Santo & Johnny-songar
- Nikka Costa-songar
- Count Basie-songar
- Henry Mancini-songar