Hopp til innhald

Brasiliansk Antarktis

Koordinatar: 75°00′S 40°30′W / 75.000°S 40.500°W / -75.000; -40.500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Brasiliansk Antarktis (portugisisk: Antártida Brasileira eller Antártica Brasileira) er namnet på eit område i Antarktis sør for 60°S, og frå 28°W til 53°W, foreslått som «Interessesone» av den geopolitiske forskaren Therezinha de Castro.[1][2][3][4] Sidan innhaldet i denne erklæringa aldri har vorte definert presist er det ikkje formelt i strid med dei argentinske og britiske kravområda, som geografisk overlappar med denne sonen. Landet uttrykte formelt reservarsjon med omsyn til rettane til territorium i Antarktis då det skreiv under på Antarktistraktaten den 16. mai 1975. Brasil var då det første landet som offisielt nemnte linjeteorien, som enkelt forklart at går ut på at kvart punkt i Antarktis høyrer til det første landet ein kjem til når ein reiser rett nordover i ei rett linje frå eit slikt punkt.[5][6] Linjeteorien (Teoria da Defrontação) vart lagt fram av den brasilianske geopolitiske forskaren Therezinha de Castro og publisert i boka hennar Antártica: Teoria da Defrontação.

Utanom interessesonen har Brasil ein permanent busett forskingsstasjon, Comandante Ferraz-basen (UN/LOCODE: AQ-CFZ), i Admiralty Bay, King George Island, nær tuppen av Den antarktiske halvøya, ved 62°08′S 58°40′W / 62.133°S 58.667°W / -62.133; -58.667.

  1. Canadian Polar Commission - Meridian (p. 5) Arkivert 2017-06-14 ved Wayback Machine. Canadian Polar Commission. Henta 13. oktober 2012.
  2. It's not just science that's an experiment in Antarctic[daud lenkje] Exploratorium. Henta 13. oktober 2012.
  3. http://www.globalresearch.ca/index.php?context=va&aid=13788 NATO of The South: Chile, South Africa, Australia, Antarktis Globalresearch.ca. Henta 13. oktober 2012.
  4. World Statesmen.org: Kravområde i Antarktis[daud lenkje] Worldstatesmen.org. Henta 13. oktober 2012.
  5. La Antátida (p. 6) Asociación de Funcionarios y Empleados del Servicio Exterior Ecuatoriano. Henta 13. oktober 2012. (spansk).
  6. O Projeto Brasileiro para a Antartica (p. 119) Arkivert 2011-07-21 ved Wayback Machine. Revista Brasileira de Política Internacional. Henta 13. oktober 2012. (portugisisk).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

75°00′S 40°30′W / 75.000°S 40.500°W / -75.000; -40.500