Carmen Garayalde
Carmen Garayalde | |
Statsborgarskap | Uruguay |
Fødd | 8. august 1913 Montevideo |
Død |
8. september 2002 (89 år) |
Yrke | lærar, kunstmålar, teiknar, grafikar |
Politisk parti | Communist Party of Uruguay |
Ektefelle | José Luis Massera |
Born | Ema Massera Garayalde |
Carmen Garayalde på Commons |
Carmen Garayalde Zubizarreta (8. august 1913–8. september 2002) var ein uruguayansk lærar, kunstnar og politisk aktivist.[1]
Liv
[endre | endre wikiteksten]Carmen Garayalde blei fødd 8. august 1913 i Montevideo i Uruguay i ein økonomisk solid familie av basksike innvandrarar. Som ungdom studerte ho song og fiolin, og blei med i kammerorkesteret José Pedro Massera, skipa av vennene og familien til Massera Lerena, som songar.[2]
Garayalde studerte måling ved Círculo de Bellas Artes, der ho haddde Domingo Bazurro og Guillermo Laborde som lærarar. Garayalde kom til å studera under sistnemnde igjen ved Universidad del Trabajo del Uruguay for å læra om komposisjon og dekorasjon. Ho tok også timar i måling og gravering hjå Cecilia Marcovich, Demetrio Urruchúa og María Carmen Portela. Under rettleiing frå Portela byra Garayalde å utvikla den grafiske teknikken koldnålsradering.[3]
Garayalde hadde ein nær vennskap med Amalia Polleri, og dei to laga ein plakat i lag som einstemmig vann ei tevling halden av Comisión de Damas for å senda naudhjelp til Spania i 1937. To år seinare deltok dei to kvinnene ved ei utstilling skipa av Demetrio Urruchúa ved Plaza de Cagancha i Montevideo.[4]
I 1938 gifta ho seg med José Luis Massera, og dei fekk to barn. Paret gjekk med i kommunistpartiet under andre verdskrigen.[5]
På 1970-talet drog Gayalde i eksil på grunn av den politiske forfølginga under militærdiktaturet i Uruguay. Ho budde i Barcelona og var aktiv i eksilrørsla Frente Amplio en el Exterior.[5]
I 1991 var ho tilbake i Montevideo og heldt for første gong ei retrospektiv separatutstilling av nokre av verka sine. I 2013 blei det halde ei retrospektiv utstilling av teikningane og graveringane hennar ved Museo de Arte Contemporáneo de El País.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Garayalde, Carmen». autores.uy (på spansk). Autores. Henta March 28, 2017.
- ↑ García Ferreira, Roberto (2011). «La fiebre que llega desde el Norte: la correspondencia privada de un matrimonio comunista en los orígenes de la Guerra Fría (1947–1948)». SudHistoria (på spansk). Henta November 30, 2017.
- ↑ Di Maggio, Nelson (2013). Artes visuales en Uruguay: diccionario crítico (på spansk). Zonalibro. s. 271. ISBN 978-9974991569.
- ↑ «Amalia Polleri». issuu.com (på spansk). ISSUU. Henta March 28, 2017.
- ↑ 5,0 5,1 «Museo Nacional de Artes Visuales», mnav.gub.uy (på spansk), henta 27. juni 2021
- ↑ Revista Dossier 8, 2014, ISSN 1688-3683
- Denne artikkelen bygger på «Carmen Garayalde» frå Wikipedia på engelsk, og «Carmen Garayalde» frå Wikipedia på spansk den 27. juni 2021.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- El Cerro ved Museo Nacional de Artes Visuales