Charlie Hodge
Charlie Hodge | |||
Fødd | 14. desember 1934 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Decatur i Alabama i USA | ||
Død | 3. mars 2006 (71 år) | ||
Dødsstad | Knoxville i Tennessee i USA | ||
Fødenamn | Charles Franklin Hodge | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1954–2006 | ||
Instrument | gitar, vokal | ||
Verka som | Songar, gitarist, pianist, skodespelar |
Charles Franklin Hodge (14. desember 1934–3. mars 2006), betre kjend som Charlie Hodge, var ein USA-amerikansk songar, songlærar og musikar som var ein ven av Elvis Presley.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Hodge byrja musikkarrieren sin i gospelkvartetten The Path Finders, med Bill Gaither, og seinare i The Foggy River Boys. Han møtte først Presley i 1955, då Presley kom bak scenen etter dei hadde spelt i Memphis i Tennessee. Dei to hamna på rekruttskulen i lag i 1958 og vart vener, og songaren vart så ein del av følgjet til Presley, som berre vart kalla «Memphis Mafia». Han song harmonivokal med Elvis og gav han vatn og handklede på scenen. Hodge var den einaste mannlege songaren som spelte inn ein duett med Elvis, i 1960 på songen «I Will Be Home Again». Det var Hodge som rådde Presley til å bruke James Burton som sologitarist, då Presley byrja å spele konsertar igjen i slutten av 1960-åra.
Hodge budde i 17 år i heimen til Elvis i Memphis i Tennessee, Graceland, og hadde òg rom i dei andre husa Elvis hadde andre stader i landet. Hodge vart ofte rekna som den snillaste i Memphis Mafia og tenkte alltid først på Presley.
Hodge fortsette å arbeide med arva etter Elvis i åra etter Elvis døydde, mellom anna med Elvis-imitatorar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Charlie Hodge (guitarist)» frå Wikipedia på engelsk, den 19. oktober 2016.