Hopp til innhald

Curtis Amy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Curtis Amy
Fødd11. oktober 1929(1929-10-11)
FødestadHouston i Texas i USA
Død5. juni 2002 (72 år)
DødsstadLos Angeles, California i USA
OpphavUSA
Aktiv1950-åra til 1970-åra
SjangerJazz
InstrumentSaksofon
PlateselskapPacific Jazz
Verka somMusikar

Curtis Amy (11. oktober 19295. juni 2002) var ein USA-amerikansk jazz-saksofonist.[1]

Amy vart fødd i Houston i Texas i USA.[2] Han lærte å spela klarinett før han byrja i hæren, og i løpet av tida i teneste tok han til med tenorsaksofonen.[2] Etter utskrivninga gjekk han og vart uteksaminert frå Kentucky State College.[2] Han jobba som pedagog i Tennessee medan han spelte i jazzklubbar i midtvesten.[2] På midten av 1950-talet flytta han til Los Angeles og signerte seinare med Pacific Jazz Records, og spelte ofte med organisten Paul Bryant. På midten av 1960-talet heldt han til tre år som musikalsk leiar for orkesteret til Ray Charles, saman med kona si, Merry Clayton, og Steve Huffsteter.[3]

I tillegg til å leia sine eigne band og spela inn album under eige namn, gjorda Amy studioarbeid og spelte soloane på fleire innspelingar, inkludert The Doors-songen «Touch Me», Carole King sitt Tapestry og dei første albuma til Lou Rawls, Black and Blue og Tobacco Road, samstundes med Dexter Gordon i Onzy Matthews storband,[2][3] i tillegg til å jobba med Marvin Gaye, Tammy Terrell og Smokey Robinson.[3]

Fram til han døydde var han gift med songaren og plateartisten Merry Clayton.[3] Sonen deira, Kevin Amy, har òg forfølgt ein musikalsk karriere.[4]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Som sidemann

[endre | endre wikiteksten]

Med Dizzy Gillespie

Med Carole King

Med The Doors

  • saksofonsoloen på hitten deira «Touch Me»

Med Lou Rawls

  • Black and Blue (Capitol, 1963)
  • Tobacco Road (Capitol, 1963)

Med Gerald Wilson

  1. Cook, Richard (2005). Richard Cook's Jazz Encyclopedia. London: Penguin Books. s. 13. ISBN 0-141-00646-3. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Colin Larkin, red. (1992). The Guinness Encyclopedia of Popular Music (1. utg.). Guinness Publishing. s. 80. ISBN 0-85112-939-0. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Archived copy». Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 17. juli 2009. 
  4. «Merry Clayton, co-star of Oscar-winning '20 Feet from Stardom,' soars on 'Beautiful Scars' after grisly crash». San Diego Union-Tribune (på engelsk). 4. april 2021. Henta 24. september 2021.