Derek Bell
Derek Bell | |||
Fødd | 21. oktober 1935 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Belfast i Nord-Irland | ||
Død | 17. oktober 2002 (66 år) | ||
Dødsstad | Phoenix, Arizona | ||
Fødenamn | George Derek Fleetwood Bell | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1947–2002 | ||
Sjanger | keltisk musikk | ||
Instrument | Harpe, piano, obo | ||
Tilknytte artistar | The Chieftains | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar | ||
Prisar | medlem av Den britiske imperieordenen |
George Derek Fleetwood Bell, MBE (21. oktober 1935–17. oktober 2002) var ein irsk harpist, pianist, oboist, musikkforskar og komponist, mest kjend for å spele forskjellige instrument i The Chieftains. Han byrja først å spele harpe då han var i 30-åra.[1]
Sjølv om han var mest kjend som medlem av the Chieftains, omfatta karrieren til Derek Bell ei rekkje musikalske høgdepunkt innan både klassisk musikk og folkemusikk.[1] Bell var kanskje den leiande irske harpisten i verda, og var med på å bringe instrumentet ut til eit breiare publikum internasjonalt.[1] Bell byrja å spele harpe tidleg i 30-åra og vart med i the Chieftains i 1972. Med instrument som harpe, obo og dulcimer, utvida han den musikalske horisonten til gruppa, som på den tida hadde fått ein stor tilhengjarskare i England og frå midten av 1970-åra vart eit internasjonalt fenomen. Interessa hans for irsk musikk førte til at han skreiv arrangement av mange tradisjonelle irske folkesongar for ensemble av forskjellig storleik. Han har òg komponert mange klassiske verk, og arrangert andre frå forskjellige etniske kjelder, som ungarske og peruanske dansar, Tocatta Burlesca (ei innspeling der Bell speler åtte forskjellige instrument), to symfoniar og ein suite kalla The Violet Flame og mange verk for soloharpe og orkester. Bell sitt arbeid med den irske harpa har gjort at instrumentet har gått frå å vere nær utdøydd til eit mykje brukt folkeinstrument.[1]
Solodiskografi (utanom The Chieftains)
[endre | endre wikiteksten]- Carolan's Receipt (1975)
- Carolan's Favourite (1980)
- Derek Bell Plays With Himself (1981)
- Musical Ireland (1982)
- Ancient Music For The Irish Harp (1989)
- Mystic Harp (1996)
- A Celtic Evening with Derek Bell (1997)
- Mystic Harp (Volume II) (1999)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Derek Bell» frå Wikipedia på engelsk, den 15. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Derek Bell på Allmusic.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Derek Bell ved The Internet Movie Database (IMDb)