Hellmuth Marx
Hellmuth Marx | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 17. juni 1915 Linz |
Død | |
Yrke | bilethoggar, kunstmålar |
Hellmuth Marx på Commons |
Hellmuth Marx (17. juni 1915–1. januar 2002) var ein austerriksk bilethoggar.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Hellmuth Marx kom til verda i Linz som den yngste av fem barn. Faren hans, Viktor Marx frå Graz (1870-1928) var offiser i den keisarlege hæren; mora hans, Clara Marx, fødd Pichler (1876-1948), kom frå Oberdrauburg (Gasthof Post).
I 1926 gjekk han på middelskulen i Graz, heimstaden til farmora hans (Theresia Pesendorfer, frå ein gruvefamilie). I juni 1933 tok han artium ved Marieninstitut.
Frå 1933 studerte Marx arkitektur i sju semester ved Den tekniske høgskulen i Graz – kan hende var han inspirert av Pichler-familien i Oberdrauburg. Samstundes studerte han ved Kunstskulen i Steiermark hos professorane Daniel Pauluzzi, Alfred Wickenburg og Fritz Silberbauer. Truleg srtuderte han der også hos Wilhelm Gösser, som leia ein meisterklasse i treskjerar- og bilethoggarkunst. Wilhelm Gösser var son til bilethoggaren Hans Brandstetter, som i 1909 laga ei minnetavle over diktaren Friedrich Marx i Oberdrauburg.
I 1938/39 vart han innkalla til militærteneste i Klagenfurt og måtte som soldat dra til fronten ved Nordishavet. Krigshendingane brakte han heilt til Lappland i Finland og Narvik i Noreg. Frå mai 1939 til januar 1940 fekk han høve til å avbryte militærtenesta og vere student ved Den allmenne bilethoggarskulen ved Akademiet for bildande kunst i Wien, etter fyrst å ha avlagd ei vellukka opptaksprøve. Her var han – takka vere ein studiepermisjon – innskriven som student fram til vintersemesteret 1941/1942.
I 1946/1947 reiste han attende til Wien til akademiet ved Schillerplatz, til meisterskulen for bilethoggarkunst til Josef Müllner. I 1948 hadde han slått seg ned hos mora og dei to systrene sine i Heiligenblut ved Großglockner. Etter studietida i Wien blei han frå juni 1947 til hausten 1955 verande i Heiligenblut og byrja frå 1948 å arbeide som frittståande kunstnar.
Etter år med pendling mellom Heiligenblut og Oberdrauburg slog han seg endeleg ned her i Oberdrauburg og budde her i Stainernhaus ved Postplatz (i dag kalla torget) heilt til han døydde.
1. januar døydde Hellmuth Marx i Lienz.
Verk
[endre | endre wikiteksten]Hellmuth Marx skapa som bildande kunstnar figurative verk; menneskekroppen dominerte i verka hans. Framfor alt var han bilethoggar. I tillegg til dette hovudområdet arbeidde han òg med andre typar bildande kunst, til dømes maleri. I bilethoggarutdanninga inngjekk aktteikning og maling, noko han arbeidde med frå tid til anna, og seinare utvida med fotografi. Negativane til fotoa, blant dei portrettbileta, har gått tapt.
Døme
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Heidi Brunnbauer: Hellmuth Marx. Bildhauer in Oberdrauburg, Leben und Werke , ISBN 978-3-902589-51-4, Edition Weinviertel, 2014, p 9