Herculaneum
Utsjånad
Herculaneum (it. Ercolano) var ein romersk by ved Napolibukta på ein stad som i dag er byen Ercolano (kring 55 000 innbyggjarar i den italienske provinsen Napoli i Campania. Herculaneum delte skjebne med Pompeii, og vart lagd øyde i samband med eit pyroklastisk utbrot frå vulkanen Vesuv den 24. august 79. I motsetnad til Pompeii der innbyggjarane vart gravlagd i oske, omkom innbyggjarane i Herculaneum av dei giftige gassane frå utbrotet. Herculaneum hadde på den tida kring 5 000 innbyggjarar. Herculaneum var rekna som ein rikare by enn Pompeii.
Herculaneum står på UNESCO si liste over verdsarv.
Bilete frå Herculaneum
[endre | endre wikiteksten]-
Freske