Internet Relay Chat
Utsjånad
Internett-protokollfamilien |
---|
Applikasjonslaget |
Transportlaget |
Nettverkslaget |
Datalinklaget |
Det fysiske laget |
Internet Relay Chat (IRC) er ein open nettverksprotokoll på applikasjonslaget nytta for tekstbasert kommunikasjon over Internett i nær sanntid. For å kommunisera over IRC må brukarane kople seg opp mot ein IRC-tenar ved hjelp av ein IRC-klient. Når det er gjort kan brukaren gå inn på ulike kanalar som ofte er knytte opp mot eit spesielt interesseområde. Alt som blir skrive i kanalen er synleg for alle som er inne på same kanal. Det går også an å ha private samtalar med andre brukarar på IRC.