Hopp til innhald

Kaisa Parviainen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kaisa Parviainen


Statsborgarskap Det russiske imperiet, Finland
Fødd 3. desember 1914
Juankoski
Død 21. oktober 2002 (87 år)
Raumo
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 1948, Sommar-OL 1952

Katri Vellamo Parviainen, kjend som Kaisa Parviainen, (3. desember 191421. oktober 2002) var ein finsk idrettsutøvar frå Muuruvesi i Norra Savolax. Ho vann sølvmedaljen i spjutkasting under Sommar-OL 1948, den fyrste finske kvinna som vann ein OL-medalje.

Parviainen vart i 1948 finsk meister i lengdehopp og i spjutkast. Under dei olympiske leikane 1948 i London gjorde ho sitt livs beste spjutkast med 43,79 meter, einast storfavoritten Herma Bauma frå Austerrike kasta lengre. Ho vart elles nummer 23 i lengdehopp.

I 1950 så vel som i 1951 vann Parviainen spjutkast-øvinga i den finske meisterskapen. I 1952 enda ho på 16. plass i spjutkastina under Sommar-OL på finsk heimebane.