Kevin Kelley
Utsjånad
Kevin Kelley | |||
Fødd | 1945 Los Angeles County i USA | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Los Angeles County | ||
Død | 6. april 2002 (57 år) | ||
Fødenamn | Kevin Daniel Kelley | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1965 – 1973 | ||
Sjanger | Rock, countryrock | ||
Instrument | Trommer | ||
Plateselskap | Columbia, Ampex | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Kevin Daniel Kelley (1945–6. april 2002) var ein amerikansk trommeslagar som er mest kjend som medlem av The Byrds og The Rising Sons.[1] Kelley spelte òg trommer for Fever Tree, men det er ukjend om han var offisielt medlem her eller ikkje.[1] I tillegg arbeidde han som studiomusikar mellom 1969 og 1973 og spelte trommer på albuma til artistar som John Fahey og Phil Ochs.[1][2][3] Det ser ut til at han trekte seg attende frå musikkindustrien etter å ha spelt trommer på Michael Cohen sitt album What Did You Expect? i 1973.[3] Kelley er syskenbornet til countryrock-pioner og The Byrds- og The Flying Burrito Brothers-medlemmet Chris Hillman.[1][4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kevin Kelley (musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 16. oktober 2010.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Kevin Kelley Biography». Allmusic. Henta 16. oktober 2010.
- ↑ Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 189. ISBN 1-90600-215-0.
- ↑ 3,0 3,1 «Discography of Kevin Kelley». Byrds Flyght. Arkivert frå originalen 10. juni 2017. Henta 16. oktober 2010.
- ↑ «Interview with Chris Hillman». Richieunterberger.com. Henta 16. oktober 2010.