Kristen Nygaard
Utsjånad
Kristen Nygaard | |||
| |||
Fødd | 27. august 1926 Oslo | ||
---|---|---|---|
Død | 10. august 2002 Oslo | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | matematikar, informatikar, universitetslærar, politikar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo Forsvarets forskningsinstitutt Norsk Regnesentral Aarhus Universitet | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo Fagerborg vgs. | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Nei til EU |
Kristen Nygaard (27. august 1926–10. august 2002) var ein norsk informatikar og politikar. Han vart fødd og døydde i Oslo. Saman med Ole-Johan Dahl fann han opp objektorientert programmering (OOP) på 1960-talet. Denne forma for programmering har påverka seinare programmeringsspråk.
Nygaard blei cand.real. med matematikk som hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1956. Han var æresdoktor ved ei rekkje utanlandske universitet, og var kommandør av St. Olavs Orden.
Nygaard var kanskje mest kjend utanfor IT-miljøet som EU-motstandar. Han var leiar for Nei til EU fram mot folkerøystinga om EU-medlemsskap i 1994.