Lektorium
Eit lektorium (av latin lectora, «lesar») er ein oppbygning i kyrkjer frå mellomalderen som skil skipet og koret. Lektorium blei brukte til tekstlesing, preiker og andre kyrkjelege handlingar. Dei danna også eit tydeleg skilje mellom prestane og allmugen sine delar av kyrkja.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Lektoriet var opphavleg ein lesepult ein kunne nytta ved opplesing av Bibelen, og dette skjedde vanlegvis ved skranken som skilde kor og skip i oldkristelege basilikaer. Seinare i mellomalderen blei namnet overført til talarstolen eller galleriet som var sett framfor koret og dessutan tente som scene for songarar. Dette var særleg populært i romansk og gotisk tid, og lektorium med forseggjord utsmykking blei sette opp på søyler av tre eller stein. Det kunne også vera eit gitterverk og dører på sida. Det finst særleg fleire lektorium att i tyske og franske storkyrkjer. I Danmark kjenner ein dei frå mellom anna Aarhus domkyrkje, der lektoriet blei rive på 1700-talet.[1]
Lektorium blei utvikla på 1100- og 1200-talet. I Noreg er dei mest kjende frå domkyrkjene i Stavanger og Trondheim, og dessutan frå enkelte soknekyrkjer.[2] Kinn kyrkje i Flora har det einaste intakte lektoriet i Noreg.[3] Lektoriet i Tingvoll kyrkje blei rive i 1878. I Tingvoll kyrkje var lektoriet knytt til gangar og trapper som var skjulte i dei tjukke murveggane.[4] Rygge kyrkje og Aurland kyrkje har truleg hatt lektorium.[5] Torpo stavkyrkje har spor av lektorium mellom skip og kor, og baldakinen over lektoriet er att.[6] Uvdal stavkyrkje fekk truleg ei gallerioppbygning i korskiljet på 1200-talet.[7] Trondenes kyrkje fekk lektorium kring 1775, men dette blei rive i 1899.[8] Trondenes kyrkje skal ha fått eit lektorium etter ei ombygging i 1440.[9] I Bergen blei lektoriet i Mariakyrkja rive på 1500-talet etter dei protestantiske ideala for kyrkjerommet.[10] Ås kyrkje (riven 1866) og Bamble kyrkje (ruin frå 1845) hadde truleg lektorium. Gamle Veøy kyrkje kan også ha hatt lektorium fram til ei modernisering på 1600-talet.[11]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «569 (Salmonsens konversationsleksikon / Anden Udgave / Bind XV: Kvadratrod—Ludmila)». runeberg.org (på dansk). Henta 16. september 2017.
- ↑ Store norske leksikon (2005-07): «lektorium» i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 15. november 2024 fra
- ↑ Håkon Christie. Stavkirkene – arkitektur. Norges kunsthistorie (Oslo: Gyldendal). ISBN 8205122644.
- ↑ Ekroll, Øystein. Med kleber og kalk: norsk steinbygging i mellomalderen. Oslo: Samlaget. ISBN 8252147542.
- ↑ Snekkestad, Petter (2010): [ https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/23053/2/SNEKKESTADxMASTER.pdf Betraktninger omkring akustisk intensjonalitet i romanske steinkirker i Norge]. Masteroppgave, Universitetet i Oslo, 2010.
- ↑ Bugge, Anders. Norske stavkirker. Oslo: Dreyer.
- ↑ Uvdal stavkirke forteller: funn og resultater etter undersøkelsene av stavkirken i 1978. Uvdal: Kommunen. ISBN 8299264324.
- ↑ Trondenes kirke. [Harstad]: N. Bardal.
- ↑ Eidnes, Asbjørn. Svein Eriksson: dekan i Trondheim og sokneprest på Trondenes 1427-1480. [Harstad]: Trondarnes distriktsmuseum. ISBN 8291451060.
- ↑ Mariakirken i Bergen. Bergen: Foreningen.
- ↑ Berg, K. (2010). Gamle Aker kirke: en undersøkelse av kirkerommet som liturgisk funksjonsrom (Master's thesis, Universitetet i Oslo).
- Denne artikkelen bygger på «Lektorium» frå Wikipedia på bokmål, den 15. desember 2024.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Ahlstrand, Jan Torsten.; Arkitekturtermer. Lund: Studentlitteratur, 1976, ISBN 91-44-02852-0