Margarethe Wiig
Margarethe Wiig | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. april 1903 Bergen |
Død |
4. april 2002 (98 år) |
Yrke | skribent |
Ektefelle | Alf Wiig |
Margrethe Wiig (9. april 1903–4. april 2002) var ei norsk prestekone i Karasjok og på Sortland og seinare bispinne i Tromsø. Wiig er framfor alt kjend som forfattaren av den første samiske ABC-boka, ABC.
Wiig budde i Karasjok frå 1923 til 1934), der mannen hennar, Alf Wiig, var prest. Deretter budde dei på Sortland fram til 1945. Etter det busette dei seg i Tromsø.
Arbeidet med den nordsamiske ABC-boka
[endre | endre wikiteksten]ABC-boka starta ho å arbeide med i 1939, målet var å lage ei ABC-bok på nordsamisk, med utgangspunkt i barna sin eigen kultur. Planar for ei slik ABC-bok hadde ho allereie lagt i Karasjok i 1925, og fleire av illustrasjonane i boka var også laga av barn i Karasjok.[1] Arbeidet med ABC-boka kom i gang etter at mangeårig argumentasjon frå Wiig si side førte til følgjande telegram til mannen hennar, Alf Wiig, 20.9. 1939:[2]
- Sokneprest Wiig, Sortland
- Konferansen om samisk ABC blir 25de september såfremt Deres frue kan møte da.
- Kirkedepartementet.
I arbeidet med ABC-boka sette departementet ned ein komité som skulle vere med i planlegginga, der både statsråden sjølv (Nils Hjelmtveit), ekspedisjonssjef Boyesen, professor Konrad Nielsen, skoleinspektør Lyder Aarseth og sokneprest Johan Beronka (som hadde arbeidd m.a. med samisk syntaks) var med, i tillegg til både Margarethe og Alf Wiig. Kyrkjedepartementet såg med andre ord på dette som eit viktig tiltak.
I utgangspunktet var det meint at ABC-boka hennar skulle bruke Konrad Nielsen si rettskriving, men i og med at planen var å bruke boka også i Sverige, sette boka i gang ein prosess fram mot det som skulle bli Bergsland-Ruong-rettskrivinga for nordsamisk[3].
Nystad og Lund 2009 karakteriserer ABC-boka som den viktigaste boka i samisk lærebokshistorie. Denne sentrale posisjonen fekk boka allereie før ho var publisert: Først med rolla ho hadde som igangsetjar av rettskrivingsreforma, og deretter som del av det storpolitiske spelet i Norden. På side 41 i ABC-boka var det ei teikning som viste eit kart over Nordkalotten, som viste at det budde samar i både Noreg, Sverige og Finland. I den kalde krigen var dette kontroversielt, og Wiig vart kalla inn til eit møte med Kyrkje- og undervisningsdepartementet og Forsvarsdepartementet. Problemet var at kartet viste at samane budde også i Finland, eit faktum styresmaktene ikkje ville ha med i boka. I staden måtte ho gjere om teikninga, og gjere køyrereinen på biletet stor nok til at han dekka det finske flagget, og berre viste det norske og det svenske.[4]
Bruken av boka
[endre | endre wikiteksten]I utgangspunktet var det motstand mot boka. Til dømes viser Svein Lund i Samisk skolehistorie 6 til ei fråsegn frå Karasjok skolestyre 5.11.1949, der dei gjekk inn for ei undervisning «med fullstendig språklig fornorsking som mål». Fråsegna kom som svar på eit rundskriv frå Skoledirektøren i Finnmark om synspunkt på boka. ABC-boka vart likevel teken i bruk i Karasjok i skoleåret 1951/1952.[5] Også i Kautokeino var boka i bruk, t.d. har Ole Henrik Magga fortalt at han sjølv hadde denne boka.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Jf. Andersen 2013. s. 49 (for barneteikningar) og s. 56 (for referanse til tidlege planar for ABC-boka).
- ↑ Telegrammet og data om samansetjinga av planleggingskomitéen er henta frå Andersen 2013 s. 56ff.
- ↑ For ei framstilling av rolla til ABC-en til Wiig i arbeidet med rettskrivinga, sjå Bergsland 1951
- ↑ Sjå Nystad og Lund 2009 for referanse, og for faksimile av den sensurerte boksida
- ↑ L. Lind Meløy 1977 s. 17
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Andersen, Solveig 2013: Prestefrue og bispinne Margarethe Wiig (1903-2002) Masteroppgåve i kristendomkunnskap AVH
- Bergsland, Knut (1951). «Hvordan den nye samiske rettskrivingen ble til». Sámi ællin I (Oslo: Universitetsforl.): 28 - 50.
- Kjølaas, Per Oskar, biskop. Minneord 3. april 2002: En ridder er død. Finnmark Dagblad, Nordlys.
- Lund, Svein: Samisk skolehistorie 6.
- Meløy, Lydolf Lind (1977). Margarethe Wiigs ABC blir til. Vadsø: Skoledirektøren i Vadsø.
- Nystad, Kristine og Svein Lund 2009: Samisk lærebokhistorie — glimt frå ei uskriven historie. I Skjelbred/Aamotsbakken (red.): Norsk lærebokhistorie II - En kultur- og danningshistorie, Novus forlag 2009.
- Sveum, Tor: Bibliografi over Margarethe Wiigs samling av ABC-boker fra mange land. Tromsø: Tromsø museum.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Wiig, Margarethe (1951). ABC. Oslo: Johan Grundt Tanum.
- Wiig, Margarethe (1970). Sámiædnamis. Oslo: Tanum.