Odd Lien
Odd Lien | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. august 1915 |
Død |
24. november 2002 (87 år) |
Yrke | politikar, redaktør |
Språk | norsk |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Odd Arthur Lien (16. august 1915–24. november 2002) var ein norsk redaktør og politikar, fødd i Oslo. Han representerte Vest-Agder og Arbeidarpartiet på Stortinget i tida 1973-81.
Lien var son til ein skogsarbeidar/underoffiser. Frå han var 15 til 25 år gammal arbeidde han i ein skofabrikk i Halden. Samstundes gjekk han teknisk kveldsskule i fleire år og 1936-38 gjekk han handelsskule.
Frå sommaren 1940 var Lien aktiv i motstandsarbeidet som flyktninglos og kurér. Seint same året vart han arrestert og sat fengsla resten av krigen. Etter frigjeringa var Lien journalist i Halden Arbeiderblad til 1947, der etter redaktør i Rana Blad frå 1947 til -49. Sidan arbeidde han som journalist i avisa Sørlandet, frå 1956 til 1977 var han redaktør i avisa.
Lien var medlem av formannskapet i Halden 1945-47 og i Kristiansand 1952-64. Ved stortingsvalet 1973 vart han vald inn på Stortinget frå Vest-Agder, attvald fire år seinare. Leiinga i Arbeidarpartiet gav han plass i Utanriks- og konstitusjonskomiteen, der han vart verande alle åtte stortingsåra. Odd Lien var formann i Venner av Israel i Norsk Arbeiderbevegelse (VINA).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1915
- Døde i 2002
- Norske motstandsfolk
- Norske konsentrasjonsleirfangar under andre verdskrigen
- Deltakarmedaljen
- Norske redaktørar
- Ap-politikarar i Østfold
- Norske fagforeiningsleiarar
- Lokalpolitikarar i Halden
- Lokalpolitikarar i Kristiansand
- Ap-politikarar i Vest-Agder
- Stortingsrepresentantar 1973-1977
- Stortingsrepresentantar 1977-1981
- Norske journalistar
- Folk frå Oslo
- Folk frå Kristiansand