Oslo Turnforening
Utsjånad
Oslo Turnforening vart stifta i 1855 som Chistiania Turnforening og vart då den fyrste idrettsforeininga i Noreg. Etter 1909 har det vore drive idrettar som friidrett, boksing og symjing i tillegg til turn i foreininga. Mellom dei meir kjende medlemene i Oslo Turnforening har vore boksaren Pete Sanstøl og turnaren Unni Holmen.
Det var den austerrikske bokbindaren Joseph Stockinger som tok initiativ til oppstartinga av foreininga. Han kom til Oslo i 1854 og tok seg arbeid i eit bokbinderi og året etterpå var han drivkrafta då turnforeninga vart stifta.
Oslo Turnforening eig og driv i dag Oslo Turnhall i St. Olavs gate i Oslo sentrum og Haslehallen på Hasle lenger aust i byen. Medlemstalet i 2006 er om lag 2500.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Rolf Bryhn og Knut Are Tvedt: Kunnskapsforlagets idrettsleksikon. Oslo, 1990. ISBN 82-573-0408-5
- Nettstaden til Oslo Turnforening.
- Nettstaden til Norges Gymnastikk- og Turnforbund Arkivert 2007-08-09 ved Wayback Machine.