Paul Caruso
Utsjånad
Paul Caruso | |||
Fødd | 1. juni 1955 | ||
---|---|---|---|
Død | 3. mai 2006 (50 år) | ||
Opphav | USA | ||
Verka som | trommeslagar |
Paul Caruso (1. juni 1955–3. mai 2006) var ein USA-amerikansk trommeslagar som spelte for Boston-bandet The Atlantics.
Caruso vart med i Atlantics i 1979, som erstatning for Ray Boy Fernandes, og spelte på den bestseljande plata deira, Lonelyhearts. Han var medprodusent og spelte trommer på songen «Mercy» frå Joe Perry-albumet Joe Perry som vart nominert til ein Grammypris[1]. Han opptredde òg på Late Night with Conan O'Brien som trommeslagar for Perry omtrent eit år før han døydde. Caruso var òg lydteknikar på to Aerosmith-album, Just Push Play i 2001 og Honkin' on Bobo i 2004.
Han kollapsa og døydde 50 år gammal i heimen sin i Kingston. Han etterlét seg kona Susan og to søner, Christian og Zachary.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Paul Caruso» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mai 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: