Hopp til innhald

Percy Williams Bridgman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Percy Williams Bridgman

Fødd21. april 1882
Cambridge i Massachusetts i USA
Død20. august 1961 (79 år)
Randolph i Newhampshire i USA
Sjølvmord
NasjonalitetAmerikansk
Områdefysikk
Yrkefysikar, universitetslærar
InstitusjonarHarvard University
Alma materHarvard University
DoktorgradsrettleiarWallace Clement Sabine
Kjend forHøgtrykksfysikk
EktefelleOlive Ware
MedlemRoyal Society
National Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
American Philosophical Society
American Association for the Advancement of Science
American Physical Society

Percy Williams Bridgman (21. april 188220. august 1961) var ein amerikansk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1946 «for oppfinninga av eit apparat for å produsere ekstremt høgt trykk, og for dei funna han gjorde innan høgtrykkfysikk ved hjelp av dette».[1]

Han var professor ved Harvard University frå 1926 til 1954 og er kjent for å ha utvikla apparat for framstilling av høge trykk, og for studium av dei fysiske eigenskapane til stoff under slike trykk. I 1905 framstelte han trykk på 20 000 atm og nådde seinare heilt opp mot 500 000 atm. Ved slike trykk blir strukturen til stoffa endra, og dei opptrer med andre fysiske eigenskapar enn dei vanlegvis har. Gummi og parafin blir t.d. så harde at dei kan rispe stål, kol blir forvandla til diamantar osv. Arbeidet til Bridgman har spelt stor rolle for forståinga av strukturen til stoff i moderne fysikk. Han var ein ivrig talsmann for det operasjonalistiske synet på fysikken.

  1. «Nobelprisen i fysikk 1946» (på engelsk). Nobelprize.org. Henta 22. februar 2012. 

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Bridgeman, Percy Williams (1914). «A Complete Collection of Thermodynamic Formulas». Phys (på engelsk): 273–281. doi:10.1103/PhysRev.3.273. 
  • Bridgman, Percy Williams (1922). Dimensional Analysis. Yale University Press. 
  • Bridgman, Percy Williams (1925). A Condensed Collection of Thermodynamics Formulas. Harvard University Press. 
  • Bridgman, Percy Williams (1927). The Logic of Modern Physics. Beaufort Books. 
  • Bridgman, Percy Williams (1934). Thermodynamics of Electrical Phenomena in Metals and a Condensed Collection of Thermodynamic Formulas. MacMillan. 
  • Bridgman, Percy Williams (1936). The Nature of Physical Theory. John Wiley & Sons. 
  • Bridgman, Percy Williams (1938). The Intelligent Individual and Society. MacMillan. 
  • Bridgman, Percy Williams (1941). The Nature of Thermodynamics. Harper & Row, Publishers. 
  • Bridgman, Percy Williams (1952). The Physics of High Pressure. G. Bell. 
  • Bridgman, Percy Williams (6. januar 1956). «Probability, Logic and ESP». Science (på engelsk): s. 16. 
  • Bridgman, Percy Williams (1959). The Way Things Are. Harvard Univ. Press. 
  • Bridgman, Percy Williams (1962). A Sophisticate's Primer of Relativity. Routledge & Kegan Paul. 
  • Bridgman, Percy Williams (1964). Collected experimental papers. Harvard University Press. 
  • Bridgman, Percy Williams (1980). Reflections of a Physicist. rno Press. ISBN 040512595X. 
  • Percy Williams Bridgman. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 2. november 2013.