Hopp til innhald

Ruse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ruse i Bulgaria)
For fiskereiskapen ruse, sjå teine
Ruse
Русе
Kommune
Tinghuset i Ruse
Våpenskjold
Land  Bulgaria
Provins Ruse
Høgd 29 m
Areal 568,145 km² [1]
Folketal 141 356  (2021)[2]
Folketettleik 248,80 / km²
Tidssone EET (UTC+2)
Postnummer 7000
Retningsnummer 082
Bilnummer P
Kart
Ruse
43°50′40″N 25°57′14″E / 43.844532°N 25.953907°E / 43.844532; 25.953907
Ruse kommune i provinsen Ruse
Ruse kommune i provinsen Ruse
Ruse kommune i provinsen Ruse
Wikimedia Commons: Rousse
Nettstad: obshtinaruse.bg

Ruse (bulgarsk Русе, òg skrive Rousse eller Russe, tidlegare kalla Rusttsjuk) er ein by og ein kommune i provinsen Ruse i Bulgaria, og hovudstad i provinsen. Kommunen omfattar byane Ruse og Marten, i tillegg til 12 andre busetnader.

Ruse er den femte største byen i Bulgaria og ligg nordaust i landet på høgre sida av elva Donau, ovanfor den rumenske byen Giurgiu på andre sida. Han ligg 320 km frå hovudstaden Sofia og 200 km frå den bulgarske kysten av Svartehavet. Byen er den viktigaste elvehamnebyen i Bulgaria, og spelar ei viktig rolle innan internasjonal handel i landet.

Ruse er kjend for arkitekturstilen sin frå 1800- og 1900-talet i nybarokk- og nyrokokkostil, som trekkjer til seg mange turistar. Vennskapsbrua Giurgiu-Ruse kryssar elva like ved, og var fram til 2013 den einaste brua som kryssa Donau mellom Bulgaria og Romania.

Romersk utskjering funnen i Ruse.

Dei tidlegaste spora etter busetnad i området stammar frå 2-3000 år f.Kr. Romarane grunnla i byrjinga av 100-talet hamnebyen Sexaginta Prista. Han hadde som oppgåve og verne den nordlege grensa av Romarriket frå folk som levde nord for Donau.

Byen eksisterte fram til 400-talet. Seinare oppstod busetnaden Tsjerven ved Rusenski Lom sør for noverande Ruse, og denne eksisterte fram til osmanarane overtok området. Rundt 1400-talet byrja den noverande byen å vekse, og fekk ein strategisk og økonomisk status for osmanarane, og vart ein viktig del av festningssystemet i dei nordlege provinsane av Det osmanske riket.

På andre halvdelen av 1800-talet var Ruse sete for ein stor administrativ region (Tuna-Vilaet) og residens for Mitchat Pascha. «Rustjuk», som byen då heitte, utvikla seg til eit handelssentrum og ein sterk festning. Fleire europeiske konsulat opna, og hotell, skular og eit bibliotek vart oppretta.

Byen utvikla seg raskt på grunn av båttrafikken på Donau og gjennom den første jarnbanelinja i landet, som gjekk frå Ruse til Varna og vart opna 7. november 1866. Dette vart den første endestasjonen for Orientekspressen. I 1878, året då Bulgaria reiv seg laus frå det osmanske styret, hadde Ruse over 26 000 innbyggjarar og var den største byen i Kongeriket Bulgaria.

Areal og folketal

[endre | endre wikiteksten]

Kommunen har eit areal på 568 km².[1] Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 141 356 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 124 787 innbyggjarar.[2]

Til storbyområdet for Ruse høyrer heile kommunen Ruse i tillegg til kommunen Ivanovo.[3] Heile storbyområdet har eit samla innbyggjartal på 149 007.[2]

Dei største busetnadene i kommunen er:

Busetnad Bulgarsk namn Folketal (2011)[4] Folketal (2021)[2]
Ruse Русе  149 642  124 787
Marten Мартен  3 662  3 539
Nikolovo Николово  2 942  2 879
Tsjervena voda Червена вода  1 433  1 517
Tetovo Тетово  2 017  1 450
Basarbovo Басарбово  1 386  1 426
Sandrovo Сандрово  1 342  1 294
Novo selo Ново село  1 157  1 076
Văzăn Бъзън  1 223  1 014
Semerdzjievo Семерджиево  1 045  908

Ruse har eit teater, eit operahus og eit symfoniorkester.

Byen har eit historisk museum, eit naturvitskapleg museum, eit trafikkmuseum og eit kunstgalleri.

«Pantheon for gjenfødde heltar» i Ruse.

I sentrum av byen ligg mange hus frå barokken og renessansen. Viktige nasjonale bygg er mellom anna folketeateret Sava Ognjanov, kunstgalleriet, biblioteket, musikkskulen, domstolsbyggningen og den katolske kyrkja. Ovanfor rådhuset står Fridomsmonumentet (av den italienske skulptøren Arnoldo Zocchi).

Ved breidda av Donanu ligg eit 22 etasjar høgt hotell, og frå her har ein god utsikt over byen, elva Donau, hamna og til Romania. Like ved hotellet står eit monument over hærføraren Stefan Karadzja.

Det største monumentet i Ruse er «Pantheon for gjenfødde heltar», der 30 vidkjende fridomsheltar ligg gravlagd. Ved den nye jarnbanestasjonen ligg eit festningstårn frå den osmanske tida. Ruse har til og med eit 210 meter høgt TV-tårn med utsiktsplattform.

Nord for Ruse, om lag seks kilometer frå sentrum av byen, ligg den såkalla «Venskapsbrua», som med ei lengd på 2,8 kilometer er den lengste stålbrua i Europa. Den har to etasjar, ein for bilar og ein for jarnbane. Brua vart bygd i 1954 og restaurert i 2003.

Elleve kilometer mot aust ligg skogsparken Lipnik med hotell og idrettsanlegg.

Ikkje langt frå byen, nær Ivanovo, ligg Naturparken Rusenski Lom med Klippekyrkjene i Ivanovo, som står på UNESCO si verdsarvliste.

Elvetrafikk på Donau ved Ruse.

Økonomi og infrastruktur

[endre | endre wikiteksten]

Ruse er ein industriby (jordbruksprodukt, maskinbygging, konstruksjon av elvebåtar med meir). I omgivnadane rundt byen vert det produsert sukkerbitar og vindruer.

Kommunikasjon

[endre | endre wikiteksten]

Ruse har den største hamna ved Donau i Bulgaria, og ein flyplass. Byen er eit knutepunkt for jarnbane og vegtrafikk. Over brua til Giurgiu vert det transportert ein god del eksport- og importvarer. Mange turistar nyttar brua.

Universitetet i Ruset Angel Kantsjev kan utdanna rundt 15 000 Universitetet har campusar i Silistra, Vidin og Razgrad. I byen finst det òg ei underavdeling for Plovdiv høgskule for jordbruk.

Det finst 26 vidaregåande skular i byen.

Kjende personar frå Ruse

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 Regions, districts and municipalities in the Republic of Bulgaria 2018 Arkivert 2021-08-01 ved Wayback Machine. («Regionar, distrikt og kommunar i Republikken Bulgaria 2018»), Tabell 1: Territorial balance of the Republic of Bulgaria by kind of territory, statistical zone, statistical region and by district and municipality as of 31.12.2011 («Territoriell balanse for Republikken Bulgaria etter type territorium, statistisk sone og etter distrikt og kommune per 31.12.2011»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Население по статистически райони, области, общини, населени места, пол и възраст («Befolkning i statistiske regionar, regionar, kommunar og busetnader etter kjønn og alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
  3. Urban Audit – Settlements and Municipalities («Storbyområde – Busetnader og kommunar), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»
  4. Население към 01.02.2011 г. по области, общини, населени места и възраст («Befolkning 01.02.2011 i regionar, kommunar og busetnader etter alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ruse