Hopp til innhald

Skaftunge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skaftunge som ber takutstikk på gammalt nordlandshus
Skaftunga er festa til den nedste takåsen

Skaftunge eller raftsperre er ei om lag meterlang lekt som ber det langsgåande takutstikket på eit åstak. Skaftungane er gjerne telgja slik at dei smalnar av oppover. Tjukkenden stikk eit par bordbreidder utfor veggen, tynnenden går opp til første takåsen.

torvtak kan torvhaldet vere festa til skaftunga, i spesielle høve er det bruka formvokse emne som gjev torvhald og skaftunge i eitt.[1]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Helgeland museum, arkivert frå originalen 14. oktober 2008, henta 17. august 2008