Straumavtakar
Utsjånad
Straumavtakar, og kalla pantograf, er ei innretning som stryk langsetter ein kontaktleidning, òg kalla køyreleidning eller luftleidning, eller ei straumskjene, for å overføre elektrisk straum til elektrisk drive rullande materiell på jarnbaner, på T-baner, eller til sporvogner eller trolleybussar i gater. Stålfjører eller eit trykkluftsystem pressar straumavtakaren opp mot leidningen, eller mot straumskjena.
For skjenegåande køyretøy er det nok med ein kontaktleidning som straumavtakaren stryk langsetter, då skjenegangen vert nytta som den andre leiaren. Trollyebussar, som går på gummihjul, må ha doble straumavtakarar opp til doble kontaktleidningar som er isolerte frå kvarandre.
-
Døme på «einbeint» straumavtakar på taket av skiftelokomotiv og liknande
-
Straumavtakar på tysk høgfartstog
-
Dobbel straumavtakar bak på leddtrolleybuss
-
Detalj av den doble straumavtakaren til ein trolleybuss
-
Straumavtakarar av pantograftypen på eit eldre jarnbanelokomotiv, den eine pantografen er oppslege og i bruk, den andre ligg nede.
-
Straumavtakar, slepesko, for straumskjene
-
Straumavatakar på gamal tysk sporvogn
-
Straumavtakar, pantograf, på ein trikk
-
Straumavtakar på ein trikk
-
Straumavtakarar på såkalla «radiobilar» i ein moropark. Straumavtakaren sleper mot eit straumførande nett under taket, og metallgolvet som bilane køyrer på, fungerer som den andre leidninga.