Takryttar
Takryttar er nemninga på små tårn som er plassert på mønet på bygningar med saltak og liknande. I motsetnad til vanlege tårn, er takryttaren eit oppbygg på sjølve takkonstruksjonen, det vil seie at han vert boren oppe av taket utan å ha eit sjølvstendig fundament. Takryttaren kan vere ein pryd i seg sjølv, eller han kan bere klokker eller vere utstyrt med urskive som syner tida for dei som er i nærleiken.
Takryttarar er ofte å sjå på kyrkjer, men òg andre typar bygningar kan ha slike. Fleire av stavkyrkjene har takryttar. Men korkje i stavkyrkjene eller andre mellomalderkyrkjer med takryttar og ikkje kyrkjetårn, var det vanleg at kyrkjeklokkene var plassert i takryttaren. Vanlegvis hang klokkene i eit sæskild stativ, ein klokkestopul, attmed kyrkja.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«takrytter» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 1. juli 2015.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Gunnarsjaa, Arne (1999). «takrytter». Arkitekturleksikon. Oslo: Abstrakt forlag. s. 770. ISBN 8279350071.