Faktaboks

Offisielt namn
Ísland
Norsk namn
Island
Hovudstad
Reykjavík
Statsform
Republikk
Statsoverhovud
Halla Tómasdóttir
Statsminister
Kristrún Frostadóttir
Landareal
100 830 km²
Totalareal
103 000 km²
Innbyggjartal
400 000 (2024)
Offisielt/offisielle språk
Islandsk
Religion
Protestantisk kristendom
Nasjonaldag
17. juni (uavhengigheit frå Danmark 1944)
Valuta
Króna
Nasjonalsang
Lofsöngur
Flagg
Riksvåpen
Island (mørkegrønt) ligger i Europa (lysegrønt)
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Plassering av Island med naboland rundt, kart
Island og granneland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Island er ei øy og ein stat i Nord-Europa, i det nordlege Atlanterhavet sør for Polarsirkelen. Landet ligg på den midtatlantiske ryggen 970 kilometer vest for Noreg og er Europas vestlegaste land og nest største øy.

Landet, som er mindre enn ein tredel av Noreg, er eit geologisk ungt land med vulkansk aktivitet. Island blei befolka frå Noreg og Dei britiske øyene på 800- og 900-talet.

I 2008–2011 var Island hardt råka av ei finanskrise. I åra etterpå har økonomien stabilisert seg og er i vekst.

Namnet Island er truleg etter drivis tidlege sjøfararar såg utanfor nordlege delar av øya. Islands nasjonalsong er Lofsöngur.

Natur og klima

Eit skyfritt satellittbilete av Island, tatt av NASA i 2002.
Av .
Lisens: CCO 1.0
Svartifoss er ein av Islands mest besøkte og fotograferte fossar.
Av .
Lisens: CC BY NC ND 2.0
Island ligg der den nordamerikanske og den eurasiske kontinentalplata glir frå einannan, og i denne rifta på Þingvellir kan ein sjå begge.
Av .
Lisens: CC BY NC 2.0

Island ligg der den nordamerikanske og den eurasiske kontinentalplata glir frå kvarandre. Mykje av Island er eit nake platå 300–700 meter over havet med lavaørkenar og fjell. Landet har mange varme kjelder og omkring 150 vulkanar. Høgaste fjell er Hvannadalshnúkur, 2109 meter over havet. Om lag 11 prosent av Island er dekt av isbrear, den største er Vatnajökull, som er Europas nest største isbre.

Platåa er oppdelt av fjordar og dalar. Kysten er sterkt innskore unntatt i sørvest. Mange elver har stor vassføring og praktfulle fossar, som Dettifoss, Goðafoss og Gullfoss.

Utanfor sørvestkysten ligg øygruppa Vestmannaeyjar. Det er elles få øyer. Island har få innsjøar; dei største er Þórisvatn, Þingvallavatn og Mývatn. I 1963 blei den nye øya Surtsey danna ved eit vulkanutbrot. Ringvegen rundt Island er 1332 kilometer lang.

Island har havklima balansert mellom kalde polarhavstraumar og den varme Golfstraumen. Det er kjølige somrar og milde vintrar. Gjennomsnittstemperaturen i Reykjavík er 0,4 °C i januar og 12,5 °C i juli. Gjennomsnitt for året er 5,5 °C. Kysten i nord og mesteparten av innlandet har tundraklima.

Høgareliggande delar av landet har sparsam eller ingen vegetasjon på stein- og sandflyer. Låglandet har frodigast plantedekke der gras og storr dannar gode beite for sau, hest og storfe. Det er kratt i store område med tidlegare skog, som blei øydelagt av hogst, erosjon og vulkanutbrot. Enkelte stader finst bjørkeskog.

Dei fleste av dei om lag 575 planteartene er nordeuropeiske arter. Nokre få er stadeigne, som sveve- og løvetannarter.

Fjellrev er det einaste opphavlege landpattedyret. Rein blei innført frå Noreg, og mink har rømt frå pelsfarmar. Islandshesten er ein populær ponnirase som blir eksportert til store delar av verda. Isbjørn kjem av og til inn med drivisen. I havet finst det fleire sel- og kvalarter.

Av om lag 250 fuglearter hekker 75 arter på øya. Nasjonalfuglen islandsjaktfalk hekker i fjella. Fleire stader på øya finst fuglefjell; Látrabjarg er Europas største. Viktige fiskeslag er torsk, sild, lodde og hyse. I elvene er det laks og aure. Insektlivet er artsfattig. Fjærmygg kan vere plagsam, men han stikk ikkje.

Folk og samfunn

Varme kjelder
Lisens: CC BY NC SA 3.0
Utandørsbad i varme kjelder i Mývatn.
Av .

Befolkninga er einsarta og av skandinavisk og keltisk opphav. Seks prosent av befolkninga har anna utanlandsk opphav. Meir enn 70 prosent av befolkninga bur i Reykjavík med forstader. Om lag 80 prosent bur i dei ti største byane og tettstadene.

Island har ei høg grad av likestilling mellom kjønna. I 1850 fekk kvinner same arverett som menn.

Islands helsevesen er blant verdas best utbygde. Forventa gjennomsnittleg levealder er 83,8 år for kvinner og 80,7 år for menn (2024).

Det offisielle språket er islandsk. Skriftleg islandsk har endra seg lite frå det norrøne morsmålet. Dei fleste islendingar snakkar også engelsk og eitt skandinavisk språk.

Island har særprega namneskikkar. Utlendingar som tar islandsk statsborgarskap må etter lova ta islandske namn. Kvinner tar ikkje etternamnet til mannen ved ekteskap. Dei vanlegaste patronymika er Jónsdóttir og Jónsson.

73,8 prosent av islendingane er medlemmer av den islandske folkekyrkja, íslenska þjóðkirkjan. 4,9 prosent høyrer til i frikyrkjer, mens 2,5 prosent er katolikkar (2015).

Stat og politikk

Av .

Island er ein parlamentarisk-demokratisk republikk. Statsoverhovudet er presidenten, som blir valt for fire år. Nasjonalforsamlinga Alltinget, som er verdas eldste fungerande parlament, har 63 medlemmer som er valt i allmenne val for fire år.

Island er inndelt i 7 regionar og 62 kommunar.

Island har ikkje militære styrker, men har ei halvmilitær kystvakt med fire væpna patruljeskip, eitt hjelpefartøy, eitt fly og tre helikopter.

Historie

Island har over lang tid hatt ein høy grad av likestilling mellom kjønna. I 1850 fekk kvinner same arverett som menn, og i 1980 fekk Island verdas første kvinnelege president, med Vigdís Finnbogadóttir.
Vigdís Finnbogadóttir
Av /NTB scanpix.

Gamle skrifter og arkeologiske funn syner at irske munkar kom til Island før 800. Nordmannen Naddodd og svensken Gardar Svåvarsson kom til Island cirka 860.

Den første permanente busettinga kom truleg med Ingolfr Arnarson frå Fjaler i 874. I landnåmstida (cirka 874–930) gjekk 430 landnåmsmenn, dei fleste nordmenn, i land på Island for å komme unna Harald Hårfagre sitt harde styre. Nokre landnåmsmenn kom òg frå vesterhavsøyene og andre var keltarar. Heile øya var busett omkring 900, og cirka 930 hadde Island kanskje 9000 innbyggarar.

Klimaet var mildare den gongen, og det blei dyrka korn i tillegg til fedrift, fiske og fangst. Cirka 930 blei Alltinget oppretta, med Gulatinget og Gulatingslova som mønster. Landet blei inndelt i 12, seinare 13 tingkretsar; i 965 i fire fjerdingar. Kristendommen blei vedtatt ved lov på Alltinget i 999–1000.

I 1262–1264 blei Island lagt under Noreg som følgje av indre splitting, trong til fred og økonomisk avhengigheit av Noreg. Alle administrative funksjonar blei overtatt av kongelege embetsmenn. 1402–1404 døydde halve befolkninga av pest, og mange gardar blei lagt øyde. Etter kvart som den norske staten blei stadig meir svekt i seinmellomalderen, gjekk den politiske kontrollen over Island over til Danmark. I 1536 blei Island formelt ein del av Danmark. Hungersnaud, pest, jordskjelv og vulkanutbrot tok mange liv. I perioden 1783–1785 døydde ein femdel av befolkninga.

Ved Kielfreden i 1814 blei Island framleis ein del av Danmark, og etter kvart byrja ein gjenreisingsperiode. I 1843 blei Alltinget gjenoppretta, og i 1874 fekk Island ei fri forfatning. I 1918 blei det vedtatt ei grunnlov som gjorde Island til ein uavhengig stat i personalunion med Danmark.

I starten av andre verdskrigen i 1940, blei landet hærsett av britiske troppar, som etter kvart blei avløyst av amerikanske. Året etter sa Alltinget opp unionen med Danmark med tre års varsel. Etter ei folkeavstemming i 1944 blei Island erklært som republikk 17. juni 1944, og Sveinn Björnsson blei landets første president.

I 1946 trakk amerikanarane seg ut av Island, men beheldt Keflavík-basen mot å ta på seg forsvaret av landet. I 1958, 1972 og 1975 var det konfrontasjonar med Storbritannia, som sette inn krigsskip for å trygge fiskeflåten sin under Torskekrigen. I 1976 anerkjente først Storbritannia og i 1980 også Noreg Islands 200-mils fiskerisone.

I 1980 blei Vigdís Finnbogadóttir verdas første demokratisk valde kvinnelege president (til 1996). I 1980-åra var Island eit av verdas rikaste og mest utvikla land. I 2008 kollapsa landets bankvesen, noko som førte til sterk politisk uro. Landet gjekk inn i ein alvorleg økonomisk resesjon, der tre bankar kollapsa, som enda i 2011. I åra etterpå har økonomien stabilisert seg og er i vekst.

Økonomi og næringsliv

Kvalsafari ved Grundarfjörður.
Grundarfjörður
Av .

Island har lite skog, men mykje areal som er eigna som sauebeite. Både ull og kjøtt frå sau har historisk sett vore svært viktig for å overleve på den vêrharde øya.

Av .
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Berre éin prosent av Island er dyrka mark, men landbruket sysselset 5,3 prosent av befolkninga. Husdyrhald er hovudnæringa, særleg sauehald og produksjon av meierivarer. Det blir dyrka litt bygg og havre, høy, poteter og rotvekstar, og mange stader grønsaker i drivhus oppvarma av varme kjelder.

Fiskerinæringa er viktigast i islandsk økonomi. Fisk og skaldyr utgjer cirka tolv prosent av BNP og sysselset nær fem prosent av arbeidsstyrken. Fiskerigrensa på 200 nautiske mil gir Island eit nasjonalt fiskeområde på 758 000 kvadratkilometer. Dei tre viktigaste fiskeartene er torsk, sei og uer.

Viktigaste industrigreiner er fiskeforedling, aluminiumsproduksjon og produksjon av kunstgjødsel og sement. Skipsverft og tekstilindustri speler også ei stor rolle. Landet har ingen mineralressursar, men er energirikt med kraftressursane knytt til vassdraga og dei varme kjeldene. 24,4 prosent av dei sysselseatte arbeider i industrien. Landet satsar sterkt på IT-industri, bioteknologi og turisme. Tenesteytande næringar omfattar 70,3 prosent av arbeidsstyrken (2012).

Viktigaste handelspartnarar er Tyskland, Storbritannia, USA, Danmark og Noreg.

Kultur og utdanning

Det islandske herrelandslaget i fotball kom til kvartfinalen i EM 2016.
Landslaget under EM 2016
Av /NTB scanpix.

Det er ti års gratis og obligatorisk skolegang for barn og ungdom i alderen 6 til 16 år. Nesten alle held fram i to- til fireårige vidaregåande skular. Island har fem universitet; mange studerer i utlandet.

Island har seks dagsaviser og fleire vekeaviser og vekeblad. Islendingane er blant verdas mest avislesande folk. Det statlege kringkastingsselskapet heiter Ríkisútvarpið (RÚV), som omfattar RÚV Útvarp (radio) og TV-kanalen RÚV Sjónvarp.

Nordmennene som busette seg på Island i norrøn tid hadde med seg ei munnleg overlevert dikting, og dei anonyme Eddadikta er dei eldste. Skaldediktinga kom også til Island utanfrå, spesielt frå Noreg. Det største namnet i islandsk mellomalderlitteratur er Snorre Sturlason (1179–1241). Hans Heimskringla frå rundt 1230 er omfangsrike kongesagaer. Han skreiv også Den yngre Edda, som er ei lærebok i norrøn mytologi og skaldekunst.

Den islandske sagalitteraturen utvikla seg særleg på 1200-talet. Med ein særprega stram skrivemåte ragar islendingesogene svært høgt i europeisk mellomalderlitteratur. Gode døme er Soga om Egil Skallagrímsson, ættesogene om Gunnlaug Ormstunge og Njål, samt fornaldersogene med mytisk innhald.

Islandsk litteratur vakna til nytt liv på 1800-talet. Mest ruvande innan lyrikk i andre halvdelen av 1800-talet er Matthías Jochumsson (1835–1920) og den meir moderne Stephan G. Stephansson (1853–1927).

Den fremste islandske forfattaren på 1900-talet er nobelprisvinnaren Halldór Kiljan Laxness (1902–1998). Andre viktige prosaforfattarar er Thór Vilhjálmsson (1925–2011), Einar Már Guðmundsson (1954–) og novellisten Fríða Áslaug Sigurðardóttir (1940–2010); alle er tildelt Nordisk Råds litteraturpris.

Den mest kjente nålevande islandske musikeren er songaren og komponisten Björk (1965–).

Islands nasjonalsport er glima, ei form for bryting som ein meiner har oppstått i mellomalderen. Andre populære sportsgreiner er handball, basketball og fotball.

Øl var forbode på Island mellom 1915 og 1989. I 1925 blei raudvin tillate, etterfølgt av sprit i 1930-åra. Øl var likevel framleis forbode, fordi øl var oppfatta å vere spesielt freistande for ungdom. På 1980-talet kom et aukande krav om oppheving av det siste forbodet, og sidan 1989 har islendingane feira 1. mars som nasjonal øldag.

Island og Noreg

Island og Noreg oppretta diplomatisk samband i 1940. Island er representert i Noreg ved sin ambassade i Oslo, og Noreg er representert på Island med sin ambassade i Reykjavík. Det er fire norske konsulat på Island. Det er eit tett samarbeid mellom dei nordiske landa på parlamentarisk plan og regjeringsplan gjennom Nordisk råd og Nordisk ministerråd.

Kart

Island.

Av /Store norske leksikon ※.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar (2)

skreiv Sverre Olav Lundal

Kartet får ikkje fram at Island er den vestlegaste nasjonen i Europa. Austkysten av Island ligg 5 grader vest for vestkysten av Irland.

svarte Marte Ericsson Ryste

Hei, Det har du rett i. Vi er i gang med å se på nye kartløsninger for leksikonet, så disse kartene vil bli erstattet i løpet av året. Foreløpig må vi nøye oss med at informasjonen kommer tydelig fram i teksten (tredje linje i første avsnitt). Vennlig hilsen Marte, redaksjonen

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg