Lene Vågslid er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet som sidan 2025 er barne- og familieminister i regjeringen Støre. Ho er stortingsrepresentant frå Telemark sidan 2010.
Lene Vågslid
Faktaboks
- Fødd
- 17. mars 1986, Tokke, Telemark
Bakgrunn
Lene Vågslid kjem frå Tokke i Telemark. Ho fullførte i 2010 bachelorgrad i praktisk-estetiske fag og har fullført eitt år av en bachelorgrad i barnevernspedagogikk (2005–2006), begge ved Høgskolen i Telemark.
Politisk karriere
Vågslid skipa lokallag av AUF i Tokke då ho gjekk på vidaregåande skule. Ho var leiar i Telemark AUF i 2003–2006, styremedlem i Telemark Arbeidarparti sidan 2003 og representant for Arbeidarpartiet i fylkestinget i Telemark frå 2007. Vågslid har vore leiar av Bø Arbeidarparti og er leiar av kvinnenettverket i Telemark Arbeidarparti. Ho blei vararepresentant til Stortinget i 2009 og møtte fast frå oktober 2010 då Gunn Olsen vart sjukmeldt.
Vågslid er sidan 2013 innvald som stortingsrepresentant frå Telemark. Ho sat i familie- og kulturkomiteen på Stortinget i 2010–2013, og i perioden 2013–2017 var ho medlem av justiskomiteen. Ho var leiar av justiskomiteen i 2017–2021 og leiar av kommunal- og forvaltningskomiteen 2021–2025. Frå 2022 til 2025 var ho også parlamentarisk nestleiar i Arbeidarpartiet.
Politisk har ho arbeidd mellom anna for å styrkje barnevernet, for kultur, likestillingstiltak og fleire forsøk ved assistert befruktning.
Kommentarar (4)
skreiv Tord Hauge
"har årsstudium i barnevernspedagogikk."
Kan det tenkes at hun har studert barnevernspedagogikk i et år som en del av en bachelor og så avsluttet studiet? Da burde det i tilfelle fremkomme at hu har et års studie i barnevernspedagogikk og ikke fullført en utdanning. Vanskelig å finne kilder som dokumenterer at det har eksistert årsstudium i dette.
svarte Åsmund Gram Dokka
Hei. Det er ikke det som står på departementets egne sider om Vågslid. Der står det at hun er utdannet faglærer i estetiske fag og har et årsstudium i barnevernspedagogikk. Det begrensede kildetilfanget skyldes nok at HiT har inngått i USN.
svarte Tord Hauge
Hvis du ser på denne oversikten over studie- og fagplaner ved Høgskolen i Telemark https://web01.usn.no/fagplaner.hit.no/ Så ligger det ikke inne Årsstudium i barnevernspedagogikk. Det vil derfor være mer korrekt å skrive at Vågslid oppgir å ha et årsstudium i barnevernspedagogikk i tilfelle. Eventuelt fjerne leddsettningen.
svarte Kjersti Kanestrøm Lie
Takk, vi skal undersøke saken og se om vi kan få bekrefta at det som står om utdannelsen er korrekt. Mvh. Kjersti
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.