Per-Willy Amundsen er ein norsk politikar for Framstegspartiet. Han er stortingsrepresentant frå Troms sidan 2005 og var justis- og beredskapsminister i regjeringa Solberg 2016–2018.
Per-Willy Amundsen
Faktaboks
Per-Willy Trudvang
- Fødd
- 21. januar 1971, Harstad, Troms
Bakgrunn
Per-Willy Trudvang Amundsen kjem frå Harstad. Han tok fag ved siviløkonomstudiet ved Norges Handelshøyskole 1991–1995 og ved IKT-studiet ved Høgskolen i Sør-Trøndelag 1999–2001.
Amundsen arbeidde som lærarvikar i Harstad i 1995, deretter som konsulent i Cinet Harstad AS i 1995 og ved Ad Notam Norge 1996–1997. Han var konsulent ved trygdekontoret i Harstad 1997–1999 og sjølvstendig næringsdrivande 1999–2001. Han var sjef for forsking og utvikling ved AOT GoOnline AS i 2002–2005.
Politisk karriere
Amundsen var leiar av Harstad FpU 1986–1990 og i Troms FpU 1989–1990. Medan han studerte, var han medlem av styret for Hordaland FpU 1992–1994. Han var leiar av Harstad Framstegsparti 2000–2002 og medlem av kommunestyret i Harstad 1999–2005, dei to siste åra i formannskapet.
Amundsen var stortingsrepresentant frå Troms 2005–2013 og sidan 2017. 2005–2011 var han medlem av kommunal- og forvaltningskomiteen, der han var andre nestleiar 2005–2009. Han var leiar av justiskomiteen 2021–2024. Frå 2025 er han leiar av kontroll- og konstitusjonskomiteen.
Frå 2013 til 2016 var han statssekretær for kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner, og frå desember 2016 til januar 2018 var Amundsen justis- og beredskapsminister i regjeringa Solberg.
Både som Frp sin innvandringspolitiske talsmann og som energi- og klimapolitisk talsmann på Stortinget har han kome med kontroversielle utspel om klima, muslimar og homofili. Fleire av utsegnene provoserte mange, men han ville ikkje trekkje dei tilbake då han blei statsråd. Amundsen er for ein streng innvandringspolitikk, har uttalt at asylsøkjarar er lukkejegarar, og han er skeptisk til at klimaendringane er menneskeskapte. Etter fleire kontroversielle utsegner trekte han seg som leiar av justiskomiteen i 2024.
Andre verv
Amundsen var medlem av Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og styresmaktene i 2006–2007.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.