Den arabiske ligaen
Den arabiske ligaen (arabisk جامعة الدول العربية, Jami'at al-Duwal al-'Arabiyya) | |||
| |||
Skipa | 22. mars 1945 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Den arabiske ligas hovedkontor i Kairo | ||
Leiar | Ahmed Aboul Gheit | ||
Nettstad | http://www.leagueofarabstates.net/ |
Den arabiske ligaen er ein politisk organisasjon med 22 medlemsland frå den arabiske verda. Ligaen arbeider for samarbeid innan næringsliv, finansvesen, transport, kultur, helsevesen, medlemslanda sin suverenitet og fremje av sams interesser. Ligaen arbeider for at Palestina skal anerkjennast som sjølvstendig stat.
Ligaen har inga overnasjonal myndigheit over medlemslanda, og spelar slik ei mindre omfattande rolle enn organisasjonar som til dømes Den europeiske unionen (EU).
Historie
[endre | endre wikiteksten]Den arabiske ligaen vart grunnlagt 22. mars 1945 i Kairo, der han har sete. Sju land var med på opprettinga.
I byrjinga jobba ligaen i særleg grad for å sikre sjølvstende for land under kolonistyre. Seinare vart hovudfokuset retta mot å fremje samarbeid mellom medlemslanda. Ligaen har også spelt ei rolle i Israel-Palestina-konflikten. I 1948 gjekk seks av medlemslanda (Irak, Syria, Libanon, Transjordan, Egypt og Saudi Arabia) til angrep mot den nyoppretta staten Israel.
Medlemsland
[endre | endre wikiteksten]Den arabiske ligaen er samansett av 22 medlemsland; 21 nasjonalstatar i Nord-Afrika og Midt-austen forutan Palestina.
Det bur over 300 millionar menneske innanfor ligaen. Talet (i millionar) på innbyggjarar i kvart land står i parentes bak landet.
- 2 ^ Grunna styresmaktene si handtering av den libyske borgarkrigen var landet suspendert frå ligaen mellom 22. februar og 27. august 2011.
- 3 ^ Grunna styresmaktene si handtering av den syriske borgarkrigen vart landet suspendert frå ligaen 12. november 2011.
Toppmøte
[endre | endre wikiteksten]Generalsekretærar
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Generalsekretær | Innsett | Forlét stillinga |
---|---|---|---|
1 | Abdul Rahman Hassan Azzam | 1945 | 1952 |
2 | Abdul Khlek Hassouna | 1952 | 1972 |
3 | Mahmoud Riad | 1972 | 1979 |
4 | Chedi Klibi | 1979 | 1990 |
5 | Ahmed Asmat Abdel-Meguid | 1991 | 2001 |
6 | Amr Moussa | 2001 | 2011 |
7 | Nabil al-Araby | 2011 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Arab League» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2006.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- globalis.no Arkivert 2012-03-12 ved Wayback Machine.