Hopp til innhald

Jacinto Benavente

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacinto Benavente

Statsborgarskap Spania
Fødd 12. august 1866
Murcia
Død

14. juli 1954 (87 år)
Málaga

Yrke skodespelforfattar, journalist, skribent, politikar, lyrikar, filmregissør, advokat
Sjanger dramaturgi, teater
Medlem av Real Academia Española
Far Mariano Benavente
Jacinto Benavente på Commons

Jacinto Benavente y Martínez (12. august 186614. juli 1954) var ein spansk dramatikar og journalist som i 1922 blei tildelt Nobelprisen i litteratur «för det lyckliga sätt varpå han fullföljt den spanska dramatikens ärofulla traditioner.»[1][2]

Jacinto Benavente var fødd i Madrid. Han studerte jus i heimbyen, men då faren døydde avbraut han studiet. Den store arven etter faren – ein kjend lege – gjorde det mogleg for Benavente å gjere lange reiser gjennom Europa. Attende i Spania skreiv han for aviser og tidsskrift. Seinare var han sjefsredaktør i tidsskriftet La vida literaria og arbeidde likeeins for tidsskrifta La Ilustración og El imparcial. Teaterstykket Gente conocida blei eit gjennombrot og var starten på ein glitrande karriere som heldt fram til han døydde. Dei nesten 200 skodespela han skreiv var ein stor vinst for utviklinga av det spanske teateret.

Benavente støtta Franco under den spanske borgarkrigen, noko som skada ryet hans, særleg i utlandet. Like fullt blir han rekna som grunnleggaren av det spanske teateret.

Jacinto Benavente døydde ugift i Madrid, 87 år gammal.

Verk i utval

[endre | endre wikiteksten]
  • La ciudad alegre y confiada (1916)
  • Los intereses creados (1908)
  • Su amante esposa (1950)
  1. "for the happy manner in which he has continued the illustrious traditions of the Spanish drama."
  2. Nobeltildelinga 1922 på nobelprize.org

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

  • Brockhaus Nobelpreise. Chronik herausragender Leistungen. Bibliographisches Institut, Mannheim, 2. opplag 2004, ISBN 978-3765304910