Hopp til innhald

William Golding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
William Golding

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 19. september 1911
Newquay
Død

19. juni 1993 (81 år)
Perranarworthal

Yrke skribent, lyrikar, romanforfattar, manusforfattar, science fiction-forfattar
Språk engelsk
Ektefelle Ann Brookfield
Nettstad http://www.william-golding.co.uk/
William Golding på Commons

Sir William Gerald Golding (fødd 19. september 1911 i St. Columb Minor, Cornwall, død 19. juni 1993 i Perranarworthal, Cornwall) var ein britisk forfattar.

Minneplakett på Bishop Wordsworth's School i Salisbury der William Golding var lærar i 1945–1962.

Golding fekk Nobelprisen i litteratur i 1983 for «romananane sine, som med klårleiken til den realistiske forteljande kunsten og mytanes mangfald og allmenngyldigheit, set lys på menneska sine tilhøve i dag.»[1][2]

I ei kåring arrangert av The Times i 2008 blei Golding rangert som nummer tre på ei liste over dei 50 største britiske forfattarane sidan 1945.[3]

Golding byrja å skrive som sjuåring. Han måtte motviljug ta til med eit studium i naturvitskap, men hoppa etter to år over til å studere engelsk litteratur. Golding gav ut si første bok, diktsamlinga Poems (1934) då han var 23 år. Under den andre verdskrigen tenestegjorde han som marineoffiser og krigserfaringane prega dei seinare arbeida hans. Etter krigen underviste han i engelsk i Salisbury fram til 1961 då inntektene frå bøkene hans gjorde at han kunne slutte som lærar. Etter eitt år som Writer-in-residence ved Hollins College i Virginia kunne han leve som frittståande forfattar.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]

I romanane sine etterrøkjer Golding ved bruk av symbolsk-allegoriske litterære former det metafysiske grunnlaget for eksistensen – overleving, skuld, forsoning og frelse. I byrjinga var ikkje manuskripta hans spesielt etterspurde: den seinare suksessen Fluenes herre blei avvist av meir enn 20 forlag, men då den til slutt kom ut i 1954 blei denne forteljinga om opplevinga til ei gruppe stranda skoleelevar til ein bestseljar både i USA og i Storbritannia. Dei seinare bøkene hans klarte ikkje å matche denne suksessen.

Utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
  • 1934 Poems, dikt
  • 1954 Lord of the Flies, roman (Fluenes herre, ISBN 978-82-05-35154-7)
  • 1955 The Inheritors, roman (Arvtakerne, ISBN 978-82-7488-152-5)
  • 1956 Pincher Martin, roman
  • 1958 The Brass Butterfly, sceneverk
  • 1959 Free Fall, roman
  • 1964 The Spire, roman
  • 1965 The Hot Gates, essays
  • 1967 The Pyramid, roman
  • 1971 The Scorpion God, tre noveller
  • 1979 Darkness Visible, roman
  • 1982 A Moving Target, essays
  • 1984 The Paper Men, roman
  • 1985 An Egyptian Journal, reiseskildring
  • 1980 Rites of Passage
  • 1987 Close Quarters
  • 1989 Fire down Below
  • 1996 The Double Tongue, roman. Posthumt.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • John Carey: William Golding : the man who wrote "Lord of the flies"; a life, London : Faber and Faber, 2009, ISBN 978-0-571-23163-8
  • Judy Golding: The children of lovers : a memoir of William Golding by his daughter, London : Faber and Faber, 2011, ISBN 978-0-571-27340-9

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. for his novels which, with the perspicuity of realistic narrative art and the diversity and universality of myth, illuminate the human condition in the world of today.
  2. Nobelpristildelinga 1983
  3. The 50 greatest British writers since 1945. The Times 5. januar 2008.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]